top of page

Om Blink Hus Valvatne

Blink Hus Valvatne er ein del av den tradisjonsrike Valvatne-gruppa på Stord. Dei familieeigde selskapa i gruppa har drive byggjeverksemd i sunnhordlandsregionen i seks generasjonar, heilt sidan 1900.

Blink Hus Valvatne har i ei årrekkje bygd ut større og mindre bustadfelt i Stord og nabo- kommunane, noko som har gjeve oss solid erfaring og kompetanse på slike prosjekt. Medlemskapen i Blink Hus, gjev oss tilgang på ytterlegare kompetanse på husbygging.

Blink Hus Valvatne held til i Ringvegen 12 på Heiane, Stord. Me har kontor i andre etasje, over byggjevareutsalet til XL Bygg Valvatne. Stikk gjerne innom oss for ein hyggjeleg tomte- og bustadprat.

Lokalkontor i Sveio er ope normalt onsdag og torsdag 08-16

Adr. Sveiogata 66-Sveio senter, inngang frå gata mellom apoteket og kafeen. Kontortida kan variere, så ta kontakt for å avtal eit treff og ein kopp kaffi.

Spørsmål? Ta kontakt med

Bjørn Storebø

Salskonsulent

Mobil: 982 89 939

E-post: bs@valvatne.no

bottom of page